Nils H. Korsvoll

Kort fortalt – hva forsker du på?

Eg forskar på den felles historia til jødedom, kristendom og islam i Midtausten og Europa i det første tusenåret etter vår tidsrekning. Eg ser på magi og andre folkereligiøse uttrykk for å finne og betre forstå kontakten, motsetjingane og samspelet som har vore mellom desse religiøse tradisjonane. 

No nyleg har eg òg byrja å arbeide med religionsfaget i skulen, for å sjå nærare på nettopp korleis historia til desse religionane vert presentert og undervist her. Eg er òg med i eit prosjekt som arbeider mot rasisme og gruppebaserte fordommar i skulen (www.dembra.no).

Hva er de mest spennende problemstillingene innenfor ditt fagfelt?

Den viktigaste utfordringa for religionsfaget og skulen er korleis me kan skape eit meiningsfylt fellesskap, eit ‘vi’, som ikkje ekskluderer somme elevar. Når det gjeld religionshistorie er det no stadig større fokus på korleis me som vitskapskvinner og -menn er med på å understøtte plyndring av arkeologiske område og ulovleg handel med oldsaker ved å ta imot og forske på historiske gjenstandar som me ikkje veit korleis er komne ut av til dømes Irak eller Myanmar. Slik plyndring og handel er særs øydeleggande for lokalsamfunn og for arkeologien, og det er på høg tid at me ser kritisk på universiteta og musea si rolle og påverknad i denne marknaden.

Hvorfor og hvordan ble du interessert i ditt forskningfelt?

Grunnen til at eg vil forske på religionshistorie er at historia så lett blir henta fram som modell og (vrang)bilete på korleis verda og samfunnet skal eller burde vere, anten det er av religiøse ekstremistar eller av verdikonservative fundamentalistar. Eg ønskjer å hente fram og formidle kunnskap som utfordrar eller nyanserer korleis me i dag forstår menneske og deira tru i historia. Nett som i dag var der før i tida mange forskjellige folk som gjorde mykje forskjellig. 

Eg skulle eigentleg redde verda i FN eller med bistand eller noko (mamma er framleis skuffa), men på universitetet fann eg ut at historie var mykje meir interessant enn statsvitskap. Religionshistoria i Midtausten fekk eg augene opp for då eg leste William Dalrymple sin I skyggen av Bysants.

Hvordan ser din forskerhverdag ut?

Mykje av forskingskvardagen min er kvalitetstid med datamaskina på kontoret. Eg arbeider med tekstar og gjenstandar som vanlegvis er publisert av andre filologar eller arkeologar, slik at eg kan studere dei i bøker eller stadig oftare gjennom databaser på internett. Det hender at eg reiser til British Museum i London eller Bibliotheque Nationale de France i Paris for å sjå nærare på nokre særskilde handskrifter eller arkeologiske funn, men den mest vanlege grunnen til at eg forlet kontorarbeidet er for å dele idear og kunnskap med andre forskarar på seminar eller konferansar. Når eg no skal arbeide meir i religionsdidaktikk så håpar eg at med tida kjem meg litt meir ut og får sett og observert i ulike skular og læringsarenaer.

Hvilke saker vil du jobbe for gjennom Akademiet for yngre forskere?

Eg ønskjer å knyte AYF nærare inn i debattane omkring fag i skulen, og å bidra med forslag, synspunkt og ikkje minst fremje viktige prioriteringar i fagutviklinga her. Eit anna viktig tema eg ønskjer å arbeide med er vern av kulturarv. Dette er, når det gjeld annan kulturarv enn sin eigen, framleis eit ungt felt, med ofte einskilde aktørar spreidd mellom ulike institusjonar og offentlege instansar. Eg vil bruke AYF som ein arena for å betre samarbeidet mellom forvalting, museum og akademia, samt å fremje nye perspektiv og haldningar blant akademikarar og i samfunnet elles.