Håkon Reiersen
Forskingsformidling på norsk styrker fagspråket og gjer forsking forstått og verdsett i samfunnet.
Kort fortald – kva forskar du på?
Eg er arkeolog og forskar særleg på samfunnet i det første tusenåret etter Kristus, altså det vi kallar jernalder og vikingtid. Sjølv om eg har arbeida med mange ulike tema, er den raude tråden relatert til maktuttrykk frå elitar i samfunnet. Ofte tek eg utgangspunkt i gjenstandar og korleis desse på ulike måtar er knytt til sosiale strukturar. Doktorgraden min handla om elitemiljøa på Vestlandet i det som kallast romartida og folkevandringstida.
Dei siste åra har eg arbeida mest med skipsgraver frå vikingtid ved det gamle kongesetet Avaldsnes i Rogaland. Som dei berømte skipsgravene frå Oseberg og Gokstad, er dette gravene til kongeslekter. For tida blir det gjort eit arbeid for å få sju av dei norske skipsgravene frå Østfold til Trøndelag nominert som UNESCO verdsarv. Det har vore svært givande å bidra med ny forsking inn i dette viktige arbeidet, og kjenne at det ein arbeider med faktisk kan gi positive ringverknadar lokalt, regionalt og nasjonalt.
Elles prøver eg å arbeide allsidig med ulike tema og metodar. Eg har til dømes vore med på ei internasjonal DNA-studie av skjelett frå jernalderen, og teke i bruk geofysiske metodar som supplement til arkeologiske utgravingar både på land og i sjøen.
Kva er dei mest spanande problemstillingane innanfor ditt fagfelt?
Det høyrest kanskje ut som ein floskel at vi kan lære av historia, men det er faktisk sant. Dette er kanskje det mest spanande og samstundes litt urovekkjande trekket ved mitt fagfelt. Arkeologien står i den særstillinga at ein kan undersøke endringar over svært lange tidsrom. Menneske har også i eldre tider opplevd og respondert til konflikt, klimaendringar, epidemi og kulturmøte. Dette er det svært relevant for oss å lære av. Det er i dag eit stort fokus på beredskap og førebuing. Samanlikna med fortida sine svært praktisk innretta menneske, er vi i dag utruleg hjelpelause utan straum og teknologi.
Vi har ei tendens til å undervurdere intelligensen og den praktiske kunnskapen til menneska i fortida. I dag kan vi kjøpe alt vi treng i butikkar, lagre mat i kjøleskapet og få oppfølging frå helsepersonell og medisinar om vi er sjuke. Men kva skjer om vi, som i fortida, igjen må lage alt for hand, produsere all maten vår sjølv og må klare oss utan penicillin og smertestillande? Kan vi justere oss til eit enklare liv med hardare prioriteringar, der vi faktisk må satse på praktisk kunnskap og mat som kan lagast her i landet? Dette er store spørsmål der tilbakeskodande fag som arkeologi faktisk kan hjelpe oss inn i framtida.
Kvifor og korleis blei du interessert i ditt forskingsfelt?
Som mange andre born ville eg bli arkeolog. Etter vidaregåande valde eg å gå for barndomsdraumen, og det har eg aldri angra på. Arkeologi appellerer til meg fordi det er så mange ukjende faktorar at fantasi og det å vere nyfiken er viktige hjelpemidlar i forskinga. Du må sette deg inn i menneskes liv i ei fjern fortid, og det er svært spanande. Det er ikkje alltid en kan sei noko heilt sikkert, men ein finn mønster og bygger kunnskap.
Det var arkeolog eg ville bli, og eg hadde eigentleg ikkje reflektert over det å bli forskar. Etter eitt år med utgraving blei eg oppmuntra til å søke PhD-stipend. Då eg var ferdig med PhD-en fann eg ut at eg ville jobbe på universitetsmuseum, og fekk draumejobben som samlingsforvaltar og forskar. Medan ønsket om å bli arkeolog kom tidleg, har det vore mange tilfeldigheiter, litt flaks, og mykje hardt arbeid som har ført meg der eg er i dag. Eg er takksam for at eg ikkje har trengt å albue meg fram i akademia. Om ein stolar på seg sjølv, yter sitt beste og oppfører seg bra, pleier det å ordne seg i det privilegerte landet vi bur i.
Korleis ser din forskarkvardag ut?
Eg er så heldig å jobbe på eit universitetsmuseum. Her jobbar vi tverrfagleg med bevaring, forsking og formidling av vår eldste historie. Det er ein allsidig arbeidskvardag, og vi jobbar på tvers av fagfelt og med ulike metodar. Forutan å vere forskar er mi hovudoppgåve ved museet å forvalte dei arkeologiske samlingane, altså gjenstandar som har blitt funne på utgravingar og av privatpersonar. Nærleiken eg har til det arkeologiske datamaterialet påverkar forskinga mi. Eg liker å ta utgangspunkt i gjenstandsmaterialet og kva samanheng dette er funne, og ut ifrå dette sjå kva desse gjenstandane har betydd for folk i fortida.
Arkeologi er eit fag som ligg i skjeringspunktet mellom humaniora, samfunnsvitskap og naturvitskap. Vi må ta i bruk mange ulike metodar og kjelder, som hjelper oss å pusle saman eit bilete av korleis livet var for eit par tusen år sidan. Det tverrfaglege ligg som ein naudsynt del av faget, som gjer at ein må opprette ulike samarbeid for ulike tema. Kvardagen min både som samlingsforvaltar og forskar er difor svært vekslande, og denne samansette og travle kvardagen er noko av det som gjer faget og arbeidet så spanande.
Kva slags sakar vil du jobbe for gjennom Akademiet for yngre forskarar?
Eg brenn for forskingsformidling på norsk. Det er heilt klart at vi treng å styrke fagspråket vårt, og gjere oss forstått i samfunnet slik at vi som forskarar beheld vår legitimitet. Forskinga er internasjonal og ein skal sjølvsagt publisere breitt på engelsk, men ein må samstundes hugse på at det er det norske samfunnet som finansierer mykje av forskinga og som difor treng å få dette formidla attende på ein ålment forståeleg måte.
Eg vaks opp i ei vestlandsbygd i det som i forskinga definerast som arbeidarklasse. Her fanst få andre akademiske forbilde enn det populærkulturen gav oss. Eventyra til Indiana Jones og Skrue McDuck viste eit lite realistisk bilete av arkeologien, men var fengjande framstillingar som inspirerte. Likevel ville det sjølvsagt vore betre å treffe forskarar som kunne fortelje kva forsking faktisk er. Arbeidarklassa er underrepresentert i akademia. Det er viktig at forskarspirer blir rekrutterte frå breidda i samfunnet og slik bidreg til perspektivmangfald. Skal ein rekruttere frå alle samfunnslag må ein formidle breitt om kor givande forsking er som yrke og samfunnsnytten det har, og nå barn og unge også utanføre dei største byane.