Åsmund Husabø Eikenes

Hva forsker du på?

Eg har bakgrunn som kreftforskar, og har arbeidd med å kartlegge kontrollsystem for celledeling. Etter at eg vart ferdig med doktorgraden i 2015 har eg jobba som rådgivar i Kreftforeningen og som forskingsjournalist i nettavisa Framtida.no.

No handlar prosjektet mitt om å gjere ny forsking tilgjengeleg for folk flest. Det gjer eg både gjennom å skrive populærvitskaplege bøker om biomedisin og ved å utvikle undervisningsopplegg for studentar innan naturvitskap.

Hva er de mest spennende problemstillingene innenfor ditt fagfelt?

Studentar som trener på å skrive for eit allment publikum blir også flinkare til å lære faget, og dei stiller betre og meir kritiske spørsmål til eigen forsking. Det er likevel ikkje sjølvsagt at forelesarar vil bruke tid på kreativ skriving og skriving som refleksjon i undervisning av fag som fysikk og biologi.

Sjølv om skrivetrening gir arbeidslivsrelevant kompetanse og modning, vert det ofte nedprioritert fordi den ikkje alltid er direkte knytta til pensum studentane skal lære. Eg arbeider for å integrere skriving som eit sentralt element i dei enkelte faga, slik at studentane kan bruke skrivetreninga til å oppnå fagleg modning.

Hvorfor og hvordan ble du interessert i ditt forskningfelt?

Då eg budde i Los Angeles som ein del av doktorgradsutdanninga mi møtte eg fleire forskarar som hadde valgt ei karriere som science writers. Eg vart begeistra og imponert over kva dei fekk til med engasjerande historiefortelling, og endå meir interessert då eg oppdaga at fleire av dei også hadde solid fagleg bakgrunn frå smale forskingsfelt.

Eg sette også stor pris på fråværet av jantelov i California, og inspirert av den amerikanske draumen bestemte eg meg for eit karrierebytte: eg ville bli forskingsformidlar.

I dei tre åra etter disputas har eg øvd mykje og samla variert erfaring som forskingsformidlar. Det har mellom anna resultert i to populærvitskaplege bøker. Samtidig har eg tatt fleire steg tilbake mot akademia, og no er eg førstelektor ved Universitetet i Oslo, der eg arbeider med å undervise naturvitarar i forskingsformidling. Eg er også tilknytta Akademisk skrivesenter, der eg er skrivementor for studentar frå heile universitetet.

Hvordan ser din forskerhverdag ut?

Kvardagane mine handlar naturleg nok mykje om skriving. Det likar eg godt. Eg skriv populærvitskaplege bøker om biomedisinsk forsking for eit allment publikum, og snakkar om skriving saman med studentar og forskarar som ønsker å lære å fortelle gode historier om forskinga si.

Eg les også ei heil rekke bøker og forskingsartiklar, innan det meste frå medisin til pedagogikk. Eg tek også i bruk erfaringa mi som journalist, og intervjuar fagpersonar og ikkje-forskarar om kva forsking betyr for dei i arbeidslivet og i kvardagane deira. Hausten 2018 gav eg ut boka SPRUT, som handlar om den spektakulære forskinga på kroppsvæskene våre. No arbeider eg med eit par nye prosjekt, mellom anna ei bok om moderne kreftbehandling.

Eg deltek også i tverrfaglege nettverk for forskarar som arbeider med skriveundervisning og formidling, og utviklar nye modellar og undervisningsopplegg i samarbeid med ulike institutt og fagområder.

Hvilke saker vil du jobbe for gjennom Akademiet for yngre forskere?

I AYF vil eg jobbe for mangfoldig og nyskapande forskingsformidling. Samfunnet treng at vi som har fagkompetanse deltek på mange ulike arenaer, både i TV, radio, aviser og på nett. Eg drøymer om fleire, unge forskingsformidlarar på YouTube, personar som kan vere førebilete for barn og unge, og gi neste generasjon trua på at forsking er både spennande og ein viktig del av kvardagen.

Blant dei politiske sakene er mental helse særleg viktig for meg. Høgt arbeidspress og usikker karriereplanlegging gjer at mange stipendiatar og unge forskarar får store mentale påkjenningar. Eg vil arbeide for å kartlegge mental helse hos unge forskarar i Noreg, og for å legge press på myndigheiter og insistusjonar for å ta betre vare på forskarane sine. Eg vil også arbeide for at lektorstigen skal vere ein attraktiv karriereveg for forskarar som ønsker å kombinere forsking og undervisning.