Borgar Aamaas

«Kombinasjonen av forskingsformidling og forskingspolitikk gjer AYF til ein særs interessant plass å vere for meg»

Kort fortald – kva forskar du på?

Eg er utdanna meteorolog med ein doktorgrad i klima og transportsektoren. I doktorgradsarbeidet såg eg blant anna på klimaeffektar av nordmenns reisevanar. I tillegg vart eg ordentleg god i dei enklaste klimamodellane som eksisterer. Vidare vart eg òg ekspert på ulike måtar å vekte ulike utslepp mot kvarandre. Vêrvarsling har eg ikkje jobba med, det er klima som er spesialiteten min.

Eg arbeider svært allsidig med ulike problemstillingar på ein tverrfagleg arbeidsplass. Den eine dagen kan eg jobbe med grunnforsking på arbeid som vil bli brukt av FNs klimapanel. Den andre dagen kan eg knote med datamodellering i eit forskingsprosjekt som ser på klimaeffektar av overgang frå tradisjonell vedfyring til reintbrennande alternativ, slik som bruk av elektrisitet og gass, i afrikanske kjøkken. Den tredje dagen kan eg, som såkalla oppdragsforskar, gi råd til norske kommunar og fylkeskommunar korleis dei kan kutte klimagassutslepp gjennom klimatiltak og korleis dei skal lese dei siste funna frå FNs klimapanel.

Kva er dei mest spennande problemstillingane innanfor ditt fagfelt?

Klima er eit stort fagfelt som rommar mange fagdisiplinar og mange ulike faglege utfordringar. På eit overordna plan er den mest spanande problemstillinga korleis vi her på kloden skal klare å omstille oss til lågutsleppssamfunnet og klare å gjennomføre Parisavtalen, dvs. unngå global oppvarming som blir større enn 2 °C. Mange av løysingane og teknologiane som trengst har vi. Sjølv om det aldri har skjedd så mykje positivt med klimaarbeid som i dag, skjer det framleis for lite og for seint. Både samfunnsvitskapleg og naturvitskapleg kunnskap trengst for at vi som samfunn skal forstå korleis vi kan få til denne klimaomstillinga og at det fører til handling.

Kvifor og korleis blei du interessert i ditt forskingsfelt?

Eg har alltid vore interessert i vêr og klima. Eg vaks opp på bygda med naturen, fjella og elementa tett på. Så fort eg oppdaga at det var noko som heitte vêrmelding, eg var kanskje fire år, starta eg å teikne og lage eigne fiktive vêrmeldingar. At eg skulle bli forskar, starta eg tidleg å tenke på. I andre klasse på vidaregåande bestemte eg meg for å bli klimaforskar og at eg skulle  ta ein bachelorgrad i meteorologi. Eg starta å abonnere på magasinet som den nåverande arbeidsplassen min publiserer. Ein kan si at det var «meant to be». Men klima kan vere så mykje forskjellig, og eg har gjort mykje ulikt innanfor fagfelt fram til i dag. Eg har blitt ein «brei» forskar med interesse for ulike nisjar innanfor klimafeltet.

Korleis ser din forskarkvardag ut?

Eg har varierte arbeidsdagar. Masteroppgåva mi var feltbasert der utgangspunktet var sjølvsamla snøprøver frå ulike områder på Svalbard. Men etter det har eg blitt ein kontorforskar, der mesteparten av tida går til dataprogrammering og skriving – framfor ein skjerm, helst fleire.

Likevel vil eg si at dagane er ulike ettersom eg driv mykje med formidling, både med foredrag og svare ut media, og fagforeiningsarbeid, gjennom å vere hovudtillitsvalt. Som oppdragsforskar har eg òg ein god del kontakt med ulike aktørar som treng den kompetansen arbeidsplassen min og eg har.

Heldigvis arbeider vi mykje i team på jobben min. Dei aller fleste vitskaplege artiklane mine har vore eit godt samarbeid mellom fleire, både interne og eksterne, både nasjonale og internasjonale forskarar.

Kva slags sakar vil du jobbe for gjennom Akademiet for yngre forskarar?

Eg trur eg må bli litt betre kjent med AYF og alle medlemmane før eg landar på kva eg har mest lyst til å jobbe med. Men eg er svært oppteken av både forskingsformidling og forskingspolitikk og vil gjerne diskutere begge saksfelta med andre engasjerte unge forskarar.

Eg ønskjer å utvikle meg sjølv som fagformidlar og håpar å bli nyskapande gjennom dette vervet. Elles er ikkje fagformidling ein naturleg del av jobbporteføljen for alle forskarar, noko eg ønskjer å vise at det skal vere.

Innanfor forskingspolitikk har forskarane her til lands hatt eit par turbulente år, og kanskje fleire er på veg. Dermed har AYF, meg inkludert, ein jobb med å vise at forsking er både viktig og relevant for samfunnet og kan ikkje nedprioriterast.