Marius Korsnes

«Eg er opptatt av å minske avstanden mellom akademia og samfunnet generelt. AYF er ein god platform for å få meir forsking ut til folket og å få fleire unge folk inn i forskinga»

Kort fortald – kva forskar du på?

No for tida forskar eg hovudsakleg på forbruk og produksjon av kjøt og mjølk i Kina og i Noreg. Eg er veldig interessert i å forstå betre kva det er som gjer at vårt forbruk held fram å auke, sjølv om det ikkje er berekraftig, og ikkje nødvendigvis leier til at vi kan leve betre liv. I forskinga mi på Kina er kjøt og mjølk interessante case som gjer det mogleg å forstå dei ulike faktorane som ligg bak auka forbruk, slik som rollen til industrien, myndigheitene, eller ulike forståingar rundt mote, helse og berekraft. Hypotesa er at dersom vi forstår desse ulike faktorane godt nok kan vi kanskje også finne ut måtar å redusere forbruk som samstundes gjer det mogleg å leve gode liv.

Kva er dei mest spennande problemstillingane innanfor ditt fagfelt?

Eg tykkjer den mest spennande problemstillinga er: korleis kan vi legge til rette for gode og rettferdige liv for alle samstundes som vi ikkje overskrider planetens tålegrenser? Eg tykkjer det er spesielt interessant å sjå på problemstillinga med tre ulike blikk: Først, eit historisk blikk som ser på korleis ting har endra seg gradvis over tid. Dette gjer det mogleg å forstå at det vi har i dag ikkje er naturgitt, men er dynamisk og kunne i teorien sjå annleis ut. Nummer to, eit blikk som ser på forbruk og produksjon i samanheng, som syner at forbruk også er er skapt. Dette inneberer også å forstå korleis dei materielle tinga rundt oss også held ved like strukturar og forbruksmønster, noko som gjer endring vanskeleg. Og til slutt, eit internasjonalt blikk, som ser Noreg i samanheng med resten av verda. Sidan Noreg er eit av dei rikaste landa i verda, med svært høgt forbruk, har vi eit større ansvar og kanskje også betre føresetnader for å finne gode løysingar. Spørsmål om global rettferd, fordeling av ressursar og klimaendringar heng saman, og vi er nøydde til å sjå utanfor våre landegrenser for å kunne seie om vi er berekraftige eller ikkje i Noreg.

Kvifor og korleis blei du interessert i ditt forskingsfelt?

Det var berre tilfeldigheiter som gjorde at eg hamna i akademia. Eg var nesten ferdig med mastergrada mi, og hadde i utgangspunktet tenkt å søkje jobbar utanfor akademia. Eg søkte på ein del jobbar i departement og konsulentselskap, men fekk ikkje napp. Då det brått dukka opp ei moglegheit til å ta ein PhD ved NTNU i Trondheim som handla om Kina og vindkraft, slengte eg meg på. Fagfeltet teknologi- og vitskapsstudiar (STS) var ganske nytt for meg, og det var ganske tilfeldig at eg hamna der. På NTNU vart eg gradvis overbevist om at forsking faktisk også kunne passe for meg, og eg trivdest svært godt på universitetet. Ulike tematikkar rundt Kina, berekraft, energi- og klimaomstilling har følgd meg heile vegen. I seinare tid har eg gradvis blitt enno meir interessert i forbruk, vekstkritikk og løysingar som ikkje berre ser på klimaendringar, men også på naturtap og auka ulikheit i samanheng.

Korleis ser din forskarkvardag ut?

Min arbeidskvardag består av å arbeide saman med andre for å samle inn data ved hjelp av intervju, feltarbeid, eller lesing og skriving av tekstar. Eg er med på ein del ulike forskingsprosjekt eg samarbeider med folk både innanfor samfunnsvitskapane og humaniora, men også med tekniske og naturviskaplege fag, samt folk utanfor akademia. Eg vil seie at eg jobbar ganske tverrfagleg, og har alltid fokus på å vere nysgjerrig og å lære noko nytt. Dette innberer ein god del møter, workshops og konferansar som handlar om å lære frå folk både nasjonalt og internasjonalt for å utvide forskingsfronten. I tillegg går det med ein god del tid til undervisning, rettleiing av master og dokstorgradsstudentar og administrative oppgåver.

Kva saker vil du jobbe for gjennom Akademiet for yngre forskarar?

Generelt sett i mitt akademiske virke er eg interessert i tverrfagleg arbeid og forskingsformidling. Dette er noko eg har kombinert med mi interesse for improteater, som har mange nyttige prinsipp å tilby tverrfagleg samarbeid, blant anna øving i å lytte, å akseptere nye, ukjente tankar, og ikkje minst – prøving og feiling. Vegen til god forsking er strødd av mange mislykka og feilslåtte forsøk. Likevel høyrer vi nesten aldri om feiling, og nesten berre om suksess. Dette trur eg akademia har eit stort forbetringspotensiale på, fordi det gjer avstanden mellom samfunnet og akademia veldig stor. I tillegg er det lettare å legge til rette for tverrfaglege arbeidsprosessar, samt forskingsformidling, dersom vi også kan kommunisere sårbarheit og usikkerheit. Desse sakane ønskjer å jobbe vidare med å promotere gjennom AYF.