Marte C.W. Solheim
Kort fortalt – kva forskar du på?
Eg forskar på mangfald og innovasjon i verksemder, og korleis verksemdene sine omgjevnadar formar og påverkar både mangfald og innovasjon. Eg dreg nytte av lærdommar frå innovasjonsstudier, organisasjonsteori og økonomisk geografi.
Forskinga mi baserer seg på ulike data, særleg spørjeskjema og registerdata. Det er ei spanande angripen av innovasjonsforsking i Noreg å bruke data på individnivå som er kopla til verksemder og innovasjonsundersøking. Dette gir ei unik moglegheit til å forske på ulike former for innovasjon og ulike kunnskap-kryssingar, og nyansere tilhøvet mellom mangfald og innovasjon.
Kva er dei mest spannande problemstillingane innanfor ditt fagfelt?
Problemstillingar som tek sikte på å medverke til eit meir nyansert syn på tilhøvet mellom mangfald og innovasjon, som til dømes ved å sjå på ulike former for mangfald, og ulike former for innovasjon, knytt til ulike industriar og ulike stadar, er noko av det eg tykkjer er veldig spennande.
Kvifor og korleis vart du interessert i ditt forskingfelt?
Etter å ha teke vidaregåande ved United World College of the Atlantic i Wales, reiste eg jorda rundt og budde nokre år i den Dominikanske republikk. Desse erfaringane medverka til å forme meg og gjorde meg interessert i kulturelt mangfald og internasjonale relasjonar. Vel heime i Noreg og bachelor-oppgåve i informasjon og media ved Høgskulen i Volda, var det gitt bakgrunnen min og praksisplass i Ulsteinkonsernet, naturleg for meg å skrive om kulturelt mangfald i verftsindustrien på Møre.
Seinare fekk eg høve til å arbeide i den maritime klynga og eg opplevde at det var ein spennande nyskapande og global industri med mange utanlandskfødde arbeidstakarar og internasjonale nettverk. Dette gjorde meg interessert i å undersøke nærare korleis dei utanlandskfødde arbeidstakarane opplevde staden der dei hadde buset seg og kva rolle dei hadde i innovasjonsprosessane innomhus. Eg hadde i utgangspunktet tenkt at dette var to separate problemstillingar, men under arbeid med oppgåva såg eg at det var tett samanheng mellom dei. Banda og tilliten på stadane hadde innverknad på rollene dei utanlandskfødde opplevde at dei fekk innomhus i verksemdene. Då eg skreiv mastergradsoppgåva var interessa utanfor akademia stor, noko eg fann svært inspirerande.
Korleis ser din forskarkvardag ut?
Mine kvardagar er varierte, der ingen dag er lik. Stillinga som senterleiar for senter for innovasjonsforsking ved Universitetet i Stavanger fører med seg ein del arbeidsoppgåver knytt til dette, som søknader om nye prosjekt, og oppfølging.
Min forskarkvardag ber preg av skriving i ulike former (artiklar, kronikkar) og analysering av data (registerdata, spørjeskjemadata). Å halde seg oppdatert på fagfeltet og sjå nye koplingar og moglegheiter er også viktig. Eg er heldig å få samarbeide med dyktige og inspirerande fagfolk og det gir forskarkvardagen min rom for interessante diskusjonar, læring og refleksjonar. Deltaking og presentasjonar av forskinga mi både i og utanfor akademia er også noko eg har brukt mykje tid på, og som eg tykkjer at er med på å gje ny fagleg kurs og inspirasjon.
Kva slags saker vil du arbeide med gjennom Akademiet for yngre forskere?
Eg ynskjer å trekke fram særleg fire interessante tematikker som eg vonleg kan engasjere meg i gjennom Akademiet for yngre forskere: Yngre forskarar sin arbeidskvardag som er prega av mykje midlertidigheit, mangfald i akademia, utvikling av doktorgradsarbeidet der eg meiner at nytteverdien må gjerast meir relevant for næringsliv og resten av samfunnet, og ikkje minst forskingsformidling som er viktig for å synleggjere relevansen forskinga har. Eg har eit brennande engasjement for forskingsformidling, og det er veldig viktig for meg at forsking ikkje berre lev innanfor «universitetets veggar», men at ein gjennom brei forskingsformidling får forskinga «ut», slik at den kan kome til nytte.