Nils-Hallvard-Korsvoll-og-Marte-Solheim

Nils Hallvard Korsvoll og Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim er ny leiarduo i Akademiet for yngre forskarar

20.-21.oktober har Akademiet for yngre forskarar (AYF) si årlege haust – og generalforsamling. Denne gongen er den i Tromsø ved UiT Norges Arktiske Universitetet. Her vart mellom anna ny leiarduo vald.

Nils Hallvard Korsvoll

Nils Hallvard Korsvoll vart vald som ny leiar på generalforsamlinga. Korsvoll har vore medlem av AYF sidan 2019 og arbeider til dagleg som førsteamanuensis i religionsvitskap ved Universitetet i Agder. Han har tidlegare vore styremedlem i AYF.

Marte C. W. Solheim

Som ny nestleiar har AYF vald Marte C. W. Solheim. Solheim har vore medlem i AYF sidan 2019 og arbeider til dagleg som professor i innovasjonsstudier ved Universitetet i Stavanger og er leiar av UiS Senter for innovasjonsforsking.

Vil nytte krafta i nettverket for å oppnå gjennomslag for yngre forskarar

«AYF er ein organisasjon rik på mangfaldig kompetanse og medlemsressursar. Vi vil leggje til rette for og løfte fram kunnskap, initiativ og arbeid frå og blant medlemmane. Det er urolege tider, og vi ynskjer å legge til rette for at medlemmane i AYF skal arbeide saman for å styrke røysta AYF har tatt innan norsk forskingspolitikk og -formidling. På den måten, ynskjer vi å arbeide for gjennomslag i saker av stor betydning for yngre forskarar», seier den nye leiarduoen.

Nils Hallvard Korsvoll og Marte C. W. Solheim

Nei til skulepengar for internasjonale studentar

Generalforsamlinga til AYF vedtok einstemmig at organisasjonen er imot regjeringa sitt forslag om å innføre skulepengar for internasjonale studentar utanfor EØS/Sveits.

«Masterstudentane er våre yngste forskarar og vi ser med stor uro på at vi skal auke terskelen for at internasjonale studentar vil studere i Noreg. Vi meiner også dette vil gje uheldige ringverknader til rekrutteringa av internasjonale forskarar til Noreg», meiner Korsvoll.

Generalforsamlinga

Nytt arbeidsprogram for 2023 og politikk om språk i akademia vart også vedtatt på generalforsamlinga. Vi ser fram til å fått på arbeidet med desse sakene. 

Nytt styre valt:

Under generalforsamlinga vart det også vald eit nytt styre. I tillegg til leiarduo, vil dei følgande medlem inngå:

Interne AYF medlem (med institusjon i parentes): Irja Ratikainen (NTNU) Kai Arne Hansen (Høgskolen i Innlandet), Mari Myksvoll (Havforskingsinstituttet), samt Kjartan Almenning og Marte Eidsand Kjørven (begge eksterne).

Det nye styret trer formelt i kraft 1. november 2022.

Avtroppande leiarduo Jonas Stein og Kjersti Lohne og inneverande styre avsluttar valperioden 31.oktober.

Bjørn Kristian Danbolt held fram som generalsekretær.

Bli betre kjend med Nils Hallvard og Marte si forsking på vår medlemsside.

 

Kontaktinfo:

Påtroppande leiar– Nils Hallvard Korsvoll – nils.h.korsvoll@gmail.com

Påtroppande nestleiar – Marte C.W. Solheim – marte.solheim@uis.no – 97002235

 

Avtroppande leiar – Jonas Stein – jonas.stein@uit.no – 480 64 583

Generalsekretær – Bjørn Kristian Danbolt – bjorn.danbolt@yngreforskere.no – 922 90 263