AYF uttrykker uro over statsbudsjettet i høyringsinnspel til stortingets forskings- og utdanningskomité
Akademiet for yngre forskarar (AYF) uttrykker uro over regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2025, som etter AYF sitt syn ikkje gir forsking naudsynt prioritering.
Sjølv om ambisjonane for kva UH-sektoren skal bidra med for framtida er høge, legg ikkje budsjettet opp til at sektoren kan utføre samfunnsoppdraget den blir utpeikt til å ha. Vi meiner at kortsiktige prioriteringar i framlegget til budsjett kan ramme moglegheitene til å bygge sterke fagmiljø, og moglegheitene til å drive ein langsiktig og heilskapleg forskingsinnsats.
AYF uttrykker særleg uro for at vilkåra for unge forskarar kan bli svekte av framlegget til budsjett, og Noreg risikerer med dette å miste verdifull kompetanse til utlandet og andre sektorar, noko mange forskingsmiljø opplever allereie i dag. Med dagens framlegg risikerer mange usikre karrieremoglegheiter og utfordrande vilkår for forskinga.
Tilbake til framtida
For AYF er forsking ei strategisk investering i framtida. Forsking skapar verdiar på fleire nivå – økonomisk, strategisk, samfunns- og kunnskapsmessig – og må difor prioriterast som ein viktig del av budsjetta. AYF oppmodar difor regjeringa til å revurdere dei føreslegne prioriteringane i budsjettet. Vi treng eit budsjett som sikrar eit økonomisk rammeverk som mogleggjer at sektoren har høve til å møte utfordringane den er satt til å løyse.
Vi treng eit budsjett som sikrar moglegheiter for å bygge opp gode fagmiljø, som bidreg til gode rammer for undervisning og rettleiing, og som sikrar både grunnforsking og anvendt forsking. Dette vil skape ein mangfaldig UH-sektor med kraft til å bidra til å løyse framtidas utfordringar.
Les heile vårt høyringsinnspel
- Innspel til utdannings- og forskningskomiteen si høyring om Prop. 1 S (2024-2025) Statsbudsjettet 2025 (kapitler fordelt til utdannings- og forskningskomiteen)
- Les også vår reaksjon på statsbudsjettet frå tidligere i oktober
- Se også Guro i muntlig høyring på Stortinget 23.oktober
For presse
Guro Nore Fløgstad
Leiar i Akademiet for yngre forskarar
Tlf: 452 95 887
Guro.flogstad@usn.no