KI som årets tema for Global Young Academys årskonferanse
AYF-medlem Borgar Aamaas deltok på årsmøtet til Global Young Academy i Bremen rett før sommarferien. Her er hans opplevingar frå ei intens veke med engasjerte forskarar frå heile verda.
English summary at the end of the article. Interested in a membership in the Global Young Academy? GYASs Call for New Members is now open until Sept. 15th 2026
Årsmøtet til Global Young Academy 2026 og medfølgjande konferanse (International Conference of Young Scientists) vart gjennomført i Bremen, Tyskland mellom 30. juni og 3. juli. Vertskap i år var Constructor University, som inviterte til konferanse på idyllisk campus. Her møtte eg 200 deltakarar, inkludert GYA-medlemmar, GYA-alumnusar, representantar frå andre nasjonale yngre akademi og partnarar frå forsking, politikkutforming og andre samarbeidsorganisasjonar.
Global Young Academy, eller forkorta GYA internt, er eit globalt akademi for yngre forskarar. Det er eit AYF i global målestokk, med langt større diversitet. Men diskusjonane og utfordringane er mykje det same.

33 nye medlemmar tatt opp
Årssamlinga vart opna av utgåande leiarduo (Co-Chairs) Yensi Flores Bueso og Sam Chan Siok Yee, der dei tok opp 33 nye GYA-medlemmar frå 26 ulike land, som med det er medlemmar for dei neste fem åra. Konkurransen var steinhard i år med over 400 søkarar.
Dei delte deretter ei helsing til GYA frå generalsekretæren i FN, António Guterres, som var utarbeidd til årsmøtet. I helsinga understreka han kor viktig det er med etisk og berekraftig kunstig intelligens, verdien av internasjonalt vitskapleg samarbeid og kva bidrag diskusjonane på GYA-årsmøtet kan gje til arbeidet i FN.

Denne årlege samlinga er alltid todelt, med eit årsmøte over to dagar og ein konferanse over to dagar, i tillegg til nokre ekstra møter og seminar. Mange av GYA-arane brukar konferansen til å presentere eiga forsking i bolken Research Talks. I år snakka eg om klimagassutslepp frå langrenn, fotball og motocross frå breidde og elite, ungar og vaksne, i Norge.
Ei samtid med ekstraordinære teknologiske endringar
Temaet for konferansen varierer frå år til år, men kanskje ikkje så rart at kunstig intelligens (KI) fekk ein veldig sentral plass i år. Konferansetittelen var “Machine Intelligence for Society and for All Sciences”. Konferansedeltakarane drøfta moglegheitene og utfordringane som KI skapar for forsking og samfunn.
Ei rekke toppar innanfor forskingsverda bidrog, bl.a. med opning frå Konstantin Novoselov, nobelprisvinnar og president ved Constructor University. Ein av hovudtalarane, Robbert Dijkgraaf, nyleg valt president for International Science Council, argumenterte for at unge forskarar opplev ei tid med ekstraordinære teknologiske endringar, der KI, genredigering, syntetisk biologi, kvantevitskap og avanserte materiale er i ferd med å flytte vitskapen frå å observere og oppdage verda til aktivt å forme og utforme henne. Han peika òg på at vitskapleg framgang er avhengig av fri flyt av kunnskap, forskarar og idear på tvers av landegrenser, og oppmoda forskarar til å forsvare openheit og vitskapleg fridom, samstundes som dei deltek aktivt i samfunnsdebatten og i utforminga av politikk.
Opningssesjon hadde tittelen «Strengthening Global Research Collaboration for Science as a Global Public Good». Deretter følgde ein sesjon om «AI Governance for a Shared Future: Science, Policy, and Global Equity». Paneldeltakarane argumenterte for at styring av KI går langt utover regulering, og krev frå starten av etisk ansvar, brei deltaking og reell inkludering.

Med KI får forskarar prøve seg på nye forskingsspørsmålNeste sesjon gjekk på «Accelerating Discovery: AI’s Transformative Role in Natural Sciences and Engineering». I tillegg til å auke takta på forskingsutviklinga, meinte innleiarane at KI gjer det mogeleg for forskarar å ta fatt på spørsmål som tidlegare var utanfor rekkjevidde, samstundes som tilgang til data av høg kvalitet, fagleg ekspertise og eksperimentell validering blir viktigare enn nokon gong.
KI forsterkar eksisterande utfordringar
Deretter kom ein dialogsesjon kalla «The Hidden Cost of Knowledge: AI, Publishing Surveillance, and the Future of Open Research». Diskusjonen gjekk vidare frå korleis KI blir brukt i publisering, til å stille spørsmål ved sjølve grunnlaget for det noverande systemet for vitskapleg publisering. Paneldeltakarane meinte at KI forsterkar eksisterande utfordringar, frå insentivstrukturar knytte til publisering og kommersiell kontroll over forskingsinfrastruktur til hindringar for open vitskap. Dei oppmoda òg forskarar tidleg i karrieren til å ta ei aktiv rolle i arbeidet med å reformere publiseringssystemet.
KI endrar på forskingsmetodar og sjølve fagområda
Den siste sesjonen i konferansedelen var «AI at the Core of Disciplinary Foundations in the Humanities and Social Sciences». Her gjekk diskusjonen på korleis KI endrar ikkje berre forskingsmetodar, men òg sjølve spørsmåla forskinga stiller og dei fagområda ho omfattar, frå jus og psykologi til internasjonale relasjonar. Samstundes som det vart peikt på utfordringar knytte til datakvalitet, kritisk tenking og KI-generert innhald, understreka paneldeltakarane behovet for teknologisk kompetanse og meir mangfaldige datasett og infrastrukturar for å unngå at KI-driven forsking forsterkar vestlege perspektiv.
Når to nordmenn møtast i utlandet
Den einaste andre nordmannen til stades var ikkje kven som helst. Lise Øvreås er president av European Academies Science Advisory Council. Ho er til vanleg professor ved Universitet i Bergen og har tidlegare vore preses ved Det Norske Videnskaps-Akademi. På konferansen deltok ho i sesjonen om KI sin påverknad på dei naturvitskaplege faga.
I pausane fekk vi diskutert korleis verv som vi begge har tar tid frå den vanlege forskingskvardagen, men gir så mykje tilbake gjennom nye perspektiv og nettverk og sjansen til å gjere ein forskjell, impact, på godt norsk.

Bytte av Co-Chairs
I år bytta GYA ut begge Co-Chairs, der den nye leiarduoen blir Francesco Maurelli (Constructor University, Tyskland) og Natisha Dukhi (Human Sciences Research Council, Sør Afrika). I tillegg til ni andre i leiargruppa, dekker den nye leiinga fem kontinent.

Møteplass for kva GYA skal satse på framover
Årsmøtet er ei god anledning til å diskutere interne forhold, mens resten av året må nesten alt gå digitalt.
Det siste året har det blitt jobba godt internt i organisasjonen med å auke medlemsaktiviteten og styrke finansieringa. GYA har sikra ein del prosjektstøtte og har med det ein tryggare økonomisk posisjon enn året før. Men dette er kortvarige midlar, og den nye leiargruppa har ei viktig oppgåve for å få inn meir langsiktig finansiering.
Global sosialisering i tyske omgjevnader
GYA er både ein fagleg og sosial møteplass. Her kan ein knytte faglege fellesskap på sitt og nærliggjande fagområde med nye forskarar frå heile verda. Eg brukte veka til å diskutere forskingsidear, både i form av potensielle forskingssøknader og -artiklar.
Den sosiale og kulturelle delen av samlinga bidrog, som i fjor i India, til ei god mingling på tvers av den globale akademiske verda.
Gallamiddagen på onsdagen starta med musikkinnslag frå eit lokalt shantykor, som reflekterer Bremen som ein hansaby med historiske røter innan sjøfart. Før middagen fekk vi ei helsing frå Bettina Rockenbach, president i Det tyske nasjonale vitskapsakademiet Leopoldina. I talen sin reflekterte ho over akademisk fridom i møte med KI, og understreka at internasjonalt samarbeid mellom unge forskarar er avgjerande for å møte globale utfordringar. Ho peikte òg på at framveksten av KI gjer sjølvstendig vitskapleg dømmekraft viktigare, ikkje mindre viktig.
Dagen etterpå utforska vi saman byen Bremen på ettermiddagen, før samlingas siste konferansemiddag i lokale med historisk sus, i kjellaren til rådhuset, eit gotisk byggverk som står på UNESCOs verdsarvliste.
Yogyakarta neste år
Neste år blir GYA-årssamlinga halden i langt fjernare himmelstrøk. Då ønsker det indonesiske yngre akademiet velkomen til Yogyakarta i Indonesia mot slutten av juni 2027.
Temaet blir «Rooted Resilience: Interfacing Global Science and Indigenous Science for a Sustainable Future.» GYA skal med det diskutere rolla til vitskapen og unge forskarar i arbeidet med å møte store globale utfordringar som klimaendringar, helsekriser, digital omstilling og rettferd i vitskapen, gjennom ulike regionale og sosiokulturelle perspektiv.
AI theme of the year for the Global Young Academy

AYF member Borgar Aamaas recently attended the 2026 Global Young Academy (GYA) Annual General Meeting and International Conference of Young Scientists in Bremen, Germany, as he is also a member of the GYA. The conference brought together around 200 researchers, policymakers, and academic leaders from across the world. The conference theme, “Machine Intelligence for Society and for All Sciences,” focused on the opportunities and challenges created by artificial intelligence (AI) for research and society.
Discussions highlighted the transformative role of AI in accelerating scientific discovery, enabling new types of research questions, and reshaping disciplines across the natural sciences, social sciences, and humanities. Participants also emphasized the need for ethical AI governance, open science, data quality, diversity, and international scientific collaboration.
The meeting included the admission of 33 new GYA members from 26 countries, election of a new leadership team, and discussions on the academy’s future priorities and funding. Alongside the scientific program, the event provided valuable opportunities for networking, collaboration, and cultural exchange among GYA members from all over the world.
Next year, the Indonesian Young Academy of Sciences will welcome GYA members to Yogyakarta, Indonesia, in late June 2027. The theme of the 2027 conference will be “Rooted Resilience: Interfacing Global Science and Indigenous Science for a Sustainable Future.”
Interested in a membership in the Global Young Academy?
GYASs Call for New Members is now open until Sept. 15th 2026