
Reisebrev frå årsmøte til Global Young Academy i Hyderabad
AYF har fått eit nytt medlem i Global Young Academy. Borgar Aamaas rapporterer frå GYAs årsmøte i India og møte med den indiske utdanningsministeren.
English summary in the end of the article
I AYF drar vi til Bergen, Bodø og Drammen for samlingar. Det blir litt meir eksotisk når Global Young Academy samlast, der årsmøtet i 2025 var i Hyderabad i India 10.-13. juni under monsunen.
Alle samla i Hyderabad for første dag av GYA-konferansen, frå indisk utdanningsminister til frivillige frå universitetet. Foto: Global Young Academy.
Global Young Academy, eller forkorta GYA internt, er eit globalt akademi for yngre forskarar. Dette akademiet har 200 medlemmar, der medlemskapet varer i fem år. Her har Norge historisk vore dårleg representert, men no er to personar medlemmar i både AYF og GYA, Natalia Kucirkova og Aamaas. Å vere medlem av sitt nasjonale unge akademi og GYA er ein vanleg kombinasjon som gir erfaringsutveksling på tvers. På årets samling var 12 nasjonale unge akademi representert. Sjølv om det er to heilt ulike organisasjonar og diversiteten i GYA er enorm med medlemmar frå 120 ulike land, var noko Aamaas la merke til alt vi har av felles diskusjonar og utfordringar.
Den indiske utdanningsministeren, æresgjesten på årsmøtet, fekk gåve frå GYA’s to co-leads. Yensi Flores Bueso (til venstre) blei på årsmøtet valt for eit nytt år som co-lead i GYA. Foto: Global Young Academy.
At GYA er ei stor greie viste første dagen av årsmøtet. Mens AYF er veldig fornøgde om vi får eit kort besøk av den norske forskingsministeren når vi har samling, kom den indiske utdanningsministeren og var med heilt fram til lunsj første dagen og etter å ha overnatta på same gjestehus som alle oss andre. Han var heller ikkje den einaste VIPen, der direktøren og styreleiaren for universitet, Indian Institute of Technology Hyderabad, i tillegg til presidenten av det indiske vitskapsakademiet stilte opp.
Ein viktig del av årsmøtet er å velje nytt leiarskap for GYA. Det neste året blir Yensi Flores Bueso og Sam Chan Siok Yee co-leads, i tillegg til ni andre styremedlemmar.
Rett frå lang reise og lite søvn til utdeling av medlemskap for Aamaas, med alle VIPane på scena bak. Foto: Global Young Academy.
Utfordring 1: medlemsaktivitet
Som for AYF, er medlemsaktivitet avgjerande for å få organisasjonen til å gå rundt. Sjølv om det er stor konkurranse om å bli medlem, med nesten 400 søkarar til 45 plassar og med veldig mange svært gode kandidatar som ikkje fekk plass i år, er det ikkje alle som aktivt deltar i organisasjonen. Ein av diskusjonane på årsmøtet var korleis få medlemmar til å bidra, både til å stille opp på årsmøta og bidra gjennom året. Ein ide som vart lufta er om ein skal dele medlemsskapet i to, der dei første to og halve åra blir ein prøveperiode for den neste halvdelen.
Utfordring 1: finansiering
Ein anna eksistensiell diskusjon er finansiering av organisasjonen. Den tyske stat og ein tysk delstat står for grunnfinansieringa fordi hovudkontoret ligg i Tyskland, men støtta er flat og blir ikkje inflasjonsjustert. Økonomien blir dermed trongare år for år. Den største diskusjonen på årsmøtet var korleis GYA kan få til alternativ finansiering.
Som følgje av den stramme økonomiske situasjonen og utfordringar med å engasjere nok medlemmar, har GYA òg endra på strukturen. Mens mykje av det faglege arbeidet tidlegare skjedde i mange ulike grupper, blir no alt av aktivitet plassert inn under fire overordna tema. Desse blir: 1) Engaging in Foresight & Innovation, 2) Strengthening the Science and Research Ecosystem, 3) Bridging Science and Society: Trust, Diplomacy, and Expert Guidance, 4) Empowering Early to Mid-Career Researchers.
GYA-årsmøtet er òg ein konferanse. Her presenterer Aamaas ein studie på klimaeffektar av luftfartsscenario. Det aller meste av konferansen vart godt dokumentert, med 7 GB bilete totalt sett. Foto: Global Young Academy.
Framtidsvisjonar om global endring
Årsmøtet har alltid eit fagleg program, og dei to første dagane hadde den overordna og kanskje noko høgtsvevande tittelen «Confluence of Visionaries: Empowering Science for Global Change». Det var totalt fire panel, ein på innovasjon og entreprenørskap, ein på berekraft (ESGG), ein på den femte industrielle revolusjonen og ein på helse og ernæring.
Aamaas, som klimaforskar, var godt fornøgd med at klimaendringar kanskje var den tematikken som vart nemnt oftast. GYA ser ut til å vere ein fin plass å knytte faglege fellesskap på sitt fagområde med nye forskarar frå heile verda.
Imponerande indisk dans på kulturkvelden. Foto: Global Young Academy.
Sosialisering med heile verda
Ein svært viktig del av samlinga er det sosiale og kulturelle, for å få til ei god mingling på tvers av den globale akademiske verda. Dette kjenner vi godt frå AYF. Det var heller ikkje feil som nordmann å stille med bunad på den faste kulturkvelden, der programmet starta med tradisjonell indisk dans.
Arrangørane hadde heller ikkje spart på kruttet. Den eine kvelden var det bankett under open himmel mellom ulike flotte palass. Den førre gruppa som hadde fått den æra var alle deltakarane til Miss World 2025, som vart arrangert i Hyderabad berre to veker tidlegare.
Aamaas utkledd som lokal konge med rosa palass bak. Førre bankett her var for Miss World 2025. Foto: Privat.
Til neste år blir årsmøtet i Bremen i Tyskland i månadsskiftet juni-juli. Ikkje uventa vil kunstig intelligens bli ein sentral tematikk. Fram til då skal Aamaas utforske vidare kva AYF kan få ut av GYA og motsett.
På ekskursjon til fortet og ruinbyen Golconda i Hyderabad. Her budde kongen, som var verdas rikaste mann. Foto: Global Young Academy.
Travel Report from Hyderabad
AYF member Borgar Aamaas recently attended the annual meeting of the Global Young Academy (GYA) in Hyderabad, India. The event gathered young researchers from around the world and featured high-profile guests, including the Indian Minister of Education.
Aamaas is one of two Norwegian members of GYA, alongside Natalia Kucirkova. He noted that despite the cultural and organizational differences, many challenges—such as member engagement and funding—are shared across national young academies.
At the meeting, GYA elected new leadership, reorganized its working groups under four broad themes, and discussed strategies for long-term sustainability. The academic program focused on global change, innovation, sustainability, and climate issues.
Social and cultural exchange was also a key part of the gathering, including traditional Indian performances and a grand outdoor banquet—hosted at the same venue as Miss World 2025.
Next year’s meeting will be held in Bremen, Germany, with AI expected to be a major theme.