IMG_2328

AYF styrkjer det nordiske samarbeidet om akademisk fridom

Akademiet for yngre forskere (AYF) deltok 12.–13. november på konferansen The Future of Academic Freedom i Helsingfors. Konferansen samla representantar frå heile Norden for å diskutere utfordringar for akademisk fridom og korleis forskingsmiljøa kan samarbeide om å verne han. 

AYF var representert ved medlem Maja Nordtug og prosjektleiar Birger Berge. Konferansen vart arrangert ved Universitetet i Helsingfors og Hanaholmen, eit svensk-finsk kulturcentrum i Esbo, like utanfor Helsingfors. Hanaholmen er ein viktig møteplass for nordisk samarbeid og dialog, og arbeider særleg for å styrkje kontakten mellom Sverige og Finland. 

Gjennom innlegg, paneldiskusjonar og arbeidsøkter vart ulike perspektiv på akademisk og vitskapleg fridom løfta fram. Sentrale tema var utviklinga i akademisk fridom i Norden, utfordringar for forskingsfridomen og korleis samarbeid mellom forskarar, institusjonar og organisasjonar kan bidra til å verne akademisk fridom. Diskusjons- og arbeidsøktene vert utgangspunktet for ei felles fråsegn frå dei nordiske aktørane. 

Sari Lindholm, rektor ved Universitetet i Helsingfors, åpner konferansen. Foto: Birger Berge

Nordisk samarbeid og erfaringsutveksling 

For AYF var konferansen ein viktig arena for å møte representantar frå forskingsmiljø og organisasjonar i dei andre nordiske landa, utveksle erfaringar og diskutere felles utfordringar. Akademisk fridom er ei sentral sak for AYF. Som organisasjon for yngre forskarar er akademiet særleg oppteke av korleis forskarar tidleg i karrieren kan sikrast gode rammevilkår og høve til å drive uavhengig forsking. 

Konferansen gav høve til å diskutere korleis nordiske forskingsmiljø kan samarbeide tettare om desse spørsmåla, og korleis organisasjonar kan bidra til å styrkje akademisk fridom på tvers av landegrensene. 

Førebuingar til nordisk konferanse i Oslo 

Deltakinga i Helsingfors vart også nytta til å knyte kontaktar og førebu det vidare samarbeidet fram mot Nordic Conference on Academic Freedom 2027, som blir arrangert i Oslo 4.–5. mars 2027 i samarbeid med Forskarforbundet og ei rad andre aktørar.  Konferansen i Oslo vil samle nordiske aktørar til vidare diskusjonar om akademisk fridom, og er ein viktig møteplass for å styrkje samarbeidet mellom forskingsmiljøa i regionen. 

Gjennom deltaking på nordiske møteplassar ønskjer AYF å bidra til erfaringsutveksling, sterkare nettverk og eit tettare samarbeid om å verne akademisk fridom. Arbeidet er ein del av AYF sitt langsiktige engasjement for gode rammevilkår for forsking og forskarar, både i Noreg og internasjonalt.