Melina Buns og Borgar Aamaas – ny leiarduo i Akademiet for yngre forskarar
Melina Buns og Borgar Aamaas blei valt til høvesvis ny leiar og nestleiar på Akademiet for yngre forskarar si generalforsamling i Trondheim 21.oktober .
Buns og Aamaas ser fram til å ta fatt på oppgåva:
Over det seinaste tiåret har Akademiet for yngre forskarar utvikla seg til ein betydeleg forskingspolitisk aktør og stemme for unge forskarar i Noreg. Eit tiår der forskinga i Noreg overordna har sett ei positiv utvikling. Denne utviklinga er ved å snu. Forskinga si eigenverdi, akademisk fridom og internasjonalt forskingssamarbeid er under press. Nasjonalt ser me med bekymring at forsking utviklar seg til å bli ein salderingspost i budsjettet. Når vilkåra blir trongare, er unge forskarar spesielt utsett. Som leiarduo vil me fortsetje å tale dei unge forskarane og den frie grunnforskinga sine saker gjennom politikk, formidling, og samarbeid

Melina Antonia Buns er fyrsteamanuensis i historie ved Universitetet i Stavanger, ho forskar innanfor internasjonal, miljø- og energihistorie. Ho er medlem av AYF i 2024-2028.
AYF er eit fantastisk fellesskap av kloke og engasjerte menneske som arbeider for gode og langsiktige vilkår for forsking og unge forskarar. I ei tid der forskingsfridomen er under press, blir samarbeid og solidaritet på tvers av institusjonar og landegrenser stadig viktigare. Inn i leiarvervet tek eg med meg eit kritisk humanistisk blikk og respekt for ansvaret

Borgar Aamaas er Forskar 1 ved CICERO Senter for klimaforsking med klima og meteorologi som fagbakgrunn. Han er medlem i AYF i 2023-2027
Eg ønskjer at AYF skal vere ei tydeleg, kritisk og konstruktiv stemme i forskingspolitikken. Vi skal byggje vidare på arbeidet med å kartleggje vilkåra for unge forskarar og bruke kunnskapen til å skape endring. Med erfaring frå både akademia, fagforeiningar og organisasjonslivet ser eg fram til å bidra med nye perspektiv, ikkje minst frå instituttsektoren

Med seg i styret får dei:
- Julia Olsen miljøsosiolog og førsteamanuensis ved Fakultet for samfunnsvitskap ved Nord Universitet. Medlem i AYF 2023-2027.
- Inga Angelica Frøland Steindal er biolog og postdoktor ved Centre for Ecological and Evolutionary Syntheses, Institutt for biovitskap, Det matematisk-naturvitskapelege fakultet, Universitetet i Oslo, og medlem i AYF 2025-2029.
- Christian T. Bjørndal er professor ved Institutt for idrett og samfunnsvitskap ved Noregs Idrettshøgskule, og hovudforfattar bak rapporten «Sånn er det å jobbe som forsker». En kartlegging av arbeidsvilkår og karriereutsikter blant unge forskere i Norge. medlem i AYF 2024-2028.
Eksterne medlemmar:
- Gunbjørg Svineng professor i molekylær cellebiologi og dekan ved det helsevitskaplege fakultetet ved UIT Noregs arktiske universitet.
- Hans Petter Graver; professor emeritus i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo og tidl. Preses i Det Norske Vitenskaps-akademi.
Vararepresentantar:
- 1.vara Maja Nordtug; postdoktor ved Institutt for pedagogikk ved Det utdanningsvitskapelege fakultet ved Universitetet i Oslo. Medlem i AYF 2024-2028.
- 2.vara Solveig Topstad Borgen; sosiolog og jobbar som postdoktor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi og som forskar ved Senter for forsking på likskap i utdanning, Universitetet i Oslo. Medlem i AYF 2024-2028.
Eksterne vararepresentantar:
- 1.vara: Nils Hallvard Korsvoll; professor i religionsvitskap ved UiA og alumni i AYF (medlem 2019-2023) og tidlegare leiar i AYF (2022-2023).
- 2. vara: Arnfinn Midtbøen, Professor i sosiologi ved UiO og alumni i AYF (Medlem 2015-2019)
Den nye leiinga tiltrer i ei viktig tid for AYF. AYF har vedteke ein ny strategi og eit nytt ambisiøst arbeidsprogram – vårt mål er å vere ei tydeleg og synleg røyst for yngre forskarar. Vår nye visjon er eit samfunn der yngre forskarar, gjennom akademisk fridom og forskingsbasert kunnskap, gjer avgjerande bidrag til å møte utfordringar i samtida og byggje ei berekraftig, demokratisk framtid.
Styret, inkludert leiinga, er valt frå og med 22. Oktober 2026 til og med enda generalforsamling planlagd til 21. Oktober 2027.
Vi ser fram til ein ny og viktig periode for AYF.

For presse:
Melina Antonia Buns
Leiar i Akademiet for yngre forskarar
Epost: melina.buns@uis.no