AYF særs nøgde med at FRIPRO-sikras i 2023
Akademiet for yngre forskere (AYF) er særs nøgde med at regjeringa har funne nye 1.6 milliardar til Forskingsrådet og med dette sikrar ei FRIPRO-utlysing også i 2023.
«FRIPRO er dobbelt viktig, både for ny, banebrytande og tverrfagleg forsking, og for å gi unge forskartalent rom og høve til å forske», seier AYF-leiar Nils H. Korsvoll.
«Dette har vore eit nærmast unisont krav frå sektoren, så me vonar at Forskingsrådet følgjer det opp», understrekar Korsvoll.
«Om du sikrar deg eit Fripro-prosjekt, har du god sjanse til å klare deg vidare i akademia», sa AYF-medlem Erik Knudsen til Forskerforum tidlegare i november.
AYF vonar at Forskingsrådet også vil nytte det nye handlingsrommet til å halde fram med konkurransen Unge forskere i 2023.
Regjeringa sitt opphavelege budsjettforslag førde til at FRIPRO-utlysinga vart sett på vent i 2023, noko som utløyste store protestar og mykje uro, særleg blant forskarar tidleg i karriera.
«I AYF er me letta og glade for at protestane og tilbakemeldingane har vunne fram og at regjeringa her tek ansvar for å ha gode og føreseielege vilkår for yngre forskarar i Noreg», held Korsvoll fram.
- Les også nettsakane om dette i Aftenposten og Khrono
- Les vår reaksjon på forslag til statsbudsjett her
- Les om vårt felles opprop med UHR, Forskerforbundet og Akademikerne om FRIPRO i denne nettsaka i Aftenposten
Kontakt:
Nils Hallvard Korsvoll
Leiar i AYF
411 04 587
Fotografiet øverst: © Henrik B. Vold / Khrono.