God jul bilde utklipp

Julehelsing frå Akademiet for yngre forskarar

Vi i Akademiet for yngre forskarar vil takke for eit innhaldsrikt og spennande år og ser fram mot det viktige arbeidet som ligg framfor oss i 2023

Vi i AYF er særs nøgde med alt vi har oppnådd i året vi snart legg bak oss og ønskjer å takke alle gode vener og samarbeidspartnerar for i år.

I år vart heldigvis koronapandemien, som i nesten to år la avgrensingar på vårt arbeid, (forhåpentleg) eit tilbakelagt kapittel. Vi har hatt fire samlingar, på Det Norske Videnskapsakademi i Oslo, Solstrand ved Os, NIFU i Oslo og i Tromsø. Vi har delteke på ei rekke konferansar og møteplassar i sektoren, og arrangert Young Researchers Night i seks byar. Vi har også styrka internasjonale band, mellom anna ved å delta på det Nordisk-baltiske-møtet i Helsinki i juni og vi vil vere vertskap for dette i Oslo i september 2023.

I 2022 har vi løfta fleire viktige debatter om blant anna akademisk fridom, “kva vi vil med norsk forskingspolitikk” under Arendalsuka, utarbeidd eit notat om språkpolitikk som kjem på nyåret, tatt del i ei rekke viktige debattar og laga eit felles opprop om som medverka til å redde FRIPRO. Vi har også halde fram med vår faste spalte “Ukens Spørsmål” i Morgenbladet og lansert sesong 2 av vår podcast «Forskerrådet».

Vi har tatt opp 11 nye medlemmar og takka av dei 8 medlemmane frå 2018-2022-kullet. Vi er no 43 medlem med ei brei samansetning fagleg, geografisk og institusjonelt.

Vi har no også 43 alumni-medlemmar og vi er glade for å ha denne flotte gruppa i ryggen i ei viktig tid framover.

For 2022 vil samstundes krigen i Ukraina, opprøret i Iran, energikrise og tøffe økonomiske tider legge eit dystert bakteppe for årets hendingar, og vi vonar dei får ei snarleg løysning. Vi står saman med våre vener og kollegaer i solidaritet, og det ukrainske flagget vil flagge frå vårt kontor lokalisert i  Det Norske Videnskapsakademi til krigen tek slutt.

Forskinga og den akademiske fridomen er under stadig større press, og vi vil halde fram arbeidet med å stå opp mot kreftene som bidreg til dette.

2023 blir også eit svært spennande år. Vi har eit innhaldsrikt og ambisiøst arbeidsprogram som vi gler oss til å ta fatt på, og vi har planar om ei rekke samlingar og arrangement. I 2023 vil vi dele ut Lettenprisen for tredje gong saman med Letten Foundation. Samstundes er det fleire viktige saker i sektoren vi vil arbeide tett med. Med alt dette, og meir, vert det godt å lade opp batteria med litt julefri.

Vi ønskjer dykk alle ei riktig god og fredeleg jul, og eit godt nytt år! Takk for det gamle!

På vegne av Akademiet for yngre forskarar

Nils Hallvard og Marte Cecilie

Foto: Bjørn K. Danbolt/AYF

Fotokreditering gruppebilde øverst: David Jensen (tatt på AYFs høstsamling i Tromsø 21.oktober).