Ola Borten Moe  innleder. Foto: Anne Helene Bakke/AYF

Mykje godt og ein del igjen i ny UH-lov  

– Me er glade for tydeleggjering av institusjonane sitt ansvar for akademisk ytringsfridom, men ventar stadig på strengare styring av midlertidige tilsettingar. 

Fredag 16. juni presenterte regjeringa sitt forslag til ny lov for universitet og høgskular, etter ein lengre prosess med fleire ekspertutval og høyringsrundar. Akademiet for yngre forskere (AYF) har følgd dette arbeidet dei siste åra, og er gjennomgåande nøgd med utkastet som er lagd fram – med somme klare unntak.  

– Både grepa og signala som kjem her for å minske bruken av midlertidige tilsettingar i UH-sektoren er viktige, sjølv om dei kunne gjort meir. Lovfestinga om at ei postdoktorstilling skal vare minst tre år er betre enn to, men me meiner i utgangspunktet den bør vere fire år, seier AYF-leiar Nils H. Korsvoll. 

– Det er også viktig for oss at det blir stilt fleire og tydelegare krav for at postdoktorstillinga er ei kvalifiseringsstilling, noko me no ventar regjeringa vil gjere i forskrift for vitskaplege stillingar.  

Grepa knytt til norsk fagspråk er allereie melde i den nye handlingsplanen, der regjeringa legg fram fleire viktig tiltak. AYF lanserte i januar eit eige språkpolitisk notat som mellom anna syner behov for betre norskopplæring og forpliktande progresjonsplanar, men saknar også ein høgare horisont for tiltaka omkring språkkompetanse i norsk akademia. 

– Me stiller oss også bak regjeringa si understreking av kor viktig akademisk ytringsfridom er i dette lovforslaget, og er særskilt nøgde med at lovteksten vektlegg institusjonane sitt ansvar for å legge til rette for og verne akademisk ytringsfridom, og at den tek opp formidling som ei kjerneoppgåve, seier Korsvoll. 

– Dette har AYF spelt inn både til Kierulf-utvalet og løfta fram i vårt eige notat om akademisk ytringsfridom frå 2022

AYF er samstudes særs skuffa over at lovforslaget fastslår innføring av skulepengar for internasjonale studentar. Dette går imot Noreg si rolle og ambisjon om å vere eit føregangsland for høgare utdanning og vil også vere uheldig for rekruttering til forsking framover. 

– Me er også kritiske til at regjeringa vil overstyre institusjonane når det gjeld studiestadar. Med dette kjem tung politisk styring av universitet og høgskular sitt handlingsrom, avsluttar Korsvoll.  

AYF om ny UH-lov 

  • Gode grep mot midlertidige tilsettingar, men ventar tydelegare føringar på at postdoktorstillinga skal vere ei kvalifiseringsstilling. 
  • Viktig vektlegging av norsk fagspråk, men ønskjer større horisont på tematikken. 
  • Glad for vektlegging av akademisk ytringsfridom, at loven understrekar institusjonane sitt ansvar for å legge til rette for dette, og at formidling kjem eksplisitt inn i lovteksten.  
  • Negative til innføring av skulepengar for internasjonale studentar. 
  • Negative til politisk styring av studiestader. 

For presse:  

Nils Hallvard Korsvoll  

Leiar i AYF  

Tlf: 411 04 587 – nils.h.korsvoll@uia.no 

Nils. H. Korsvoll. Foto: AYF